Nettothoughts &

The Traveling Troubadours

 

14.00 - Konsert - Indiepop, country & rock

HOTELLET

18.00 - Konsert - Indiepop, country & rock

KULTURKLUBBEN SCENE

Bakgården @Kragerø

Nettothoughts & the Traveling Troubadours

 

Nettothoughts - frå utendørskonsert på Tysnes

 

Nettothoughts er eit indie-pop-band med melankolsk varme og historier frå det levde livet. Musikken er nær og roleg, men kan byggje seg stort og intenst, med innslag av folk, rock og country. Bandet starta som soloprosjektet til Anette, som gjennom ti år i Oslo fann musikarane som vart med vidare. I 2022 fann dei kvarandre som band, med røter på Vestlandet, Sørlandet og i Oslo.
Sidan då har dei spelt på mindre scener rundt om på Vestlandet og Sørlandet, mellom anna Uke9-festivalen i Tvedestrand, der dei no kjem tilbake for å dele nye historier, ny varme og eit stadig sterkare live-uttrykk.

Om lag halvparten av repertoaret er eigne låtar, medan coverlåtar frå alt frå Sabrina Carpenter til Hellbillies tidlegare har funne vegen inn – noko som kanskje også kan skje på scenen i Tvedestrand.


Bandet består av:
Nettothoughts (Anette Kathenes) på vokal
Sindre Seljeseth på gitar
Erik Thoresen på bass
Marius Sørlie på trommer